Ikkje løyve til Senda kraftverk

NVE seier nei til bygging av Senda kraftverk i Lærdal kommune i Sogn og Fjordane. Lærdal Aurland Grønnkraft AS får ikkje løyve av omsyn til ei bekkekløft av nasjonal verdi.

Senda kraftverk var planlagt med ein installert effekt på 4950 kW og ein årleg produksjon på om lag 14,1 GWh, noko som svarar til straumbruken til 705 husstandar.

Bakgrunnen for avslaget er at det i Sendadalen ligg ei bekkekløft som gjennom DN sitt bekkekløftprosjekt er vurdert til nasjonalt viktig. Bekkekløfta har stor økologisk variasjon og det er funne fleire raudlista artar langs elva. I bekkekløftprosjektet vart det lagt vekt på at dalen er urøyrt og at vassdraget er uregulert og har god vassføring heile året.

Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE meiner at dei negative konsekvensane av ei utbygging ikkje kan avbøtast med avbøtande tiltak. NVE vurderar at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til ålmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til Senda kraftverk.