God framdrift på Bremangersambandet

På dei to strekningane er det stor aktivitet og god framdrift. – Ja, anleggsdrifta er i rute, seier byggjeleiar Jørn Kristian Engebø

Det er mykje sprengningsarbeid i dagen på strekninga Kolset-Bortnen. Entreprenøren har anleggsmaskiner i sving på nesten heile strekninga. Vegen kan verte stengd i kortare periodar, men arbeidet er ikkje til stort hinder for trafikken, skriv vegvesen.no.

– På strekninga Bortnen–Sørdalsvatnet går fristen for å gjere ferdig uteanlegga ut i august, fortel Engebø.

I september skal elektroarbeidet starte i Vingetunnelen. I desse dagar er elektrokontrakten ute på tilbod.

Når Bremangersambandet 2 står klar til opning i mai 2013, kan trafikantane nytte 12 kilometer ny veg, 5 kilometer av desse er i tunnel. I tillegg vil innbyggjarane kunne ta i bruk 2,5 km ny gang- og sykkelveg langs fylkesvegen.