Liten nedgang i røyrleggjarkostnadene

Byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg gjekk ned 0,2 prosent frå januar til februar 2012. Materialkostnadene falt 0,4 prosent i same periode.

Lønsstatistikk for 4. kvartal 2011 er rekna inn i byggjekostnadene for februar, melder SSB.

Frå februar 2011 til februar 2012 auka byggjekostnadene 5,5 prosent. Kostnadene for sanitærinstallasjonar og varmeinstallasjonar steig med høvesvis 6,5 og 4,2 prosent i den same perioden.