Krevjande sprenging tett på rv. 13

Frå 19. mars og fram til og med 4. mai blir det sprenging på eit bratt parti tett inntil rv. 13 mellom Bu og Brimnes i Hardanger, noko som kan gi ekstra venting for trafikken.

Sprengingsarbeidet på andre byggjesteg på rassikrings- og utbetringsarbeidet mellom Brimnes og Bu har pågått denne vinteren. No nærmar entreprenøren seg eit parti på kring 100 meters lengde som går tett inntil dagens rv. 13 mellom Kobbestille og Bugjelet, skriv vegvesen.no på sine nettsider.

To salver dagleg
No melder entreprenør E. Opedal & Sønner at det kan bli vanskeleg å halda dei opningstidene for trafikken som ein har informert om tidlegare i vinter. Det er tale om to sprengingar i løpet av dagen. Den første kring kl. 10 om føremiddagen, og den andre kring kl. 19 på kveldstid.

Det vil seia at opningane for trafikk kl. 10.50 til 10.55 og frå 18.45 til 19.00 kan bli vanskelege å halda dei 6 aktuelle vekene. Ein kan ikkje sleppa trafikk forbi området att før det er trygt å passera.

Påskeferie
Anleggsarbeidet pågår vekedagane frå måndag til fredag. Det blir ikkje arbeid i påskeveka 2. til 4. april. Fredag 30. mars vil det ikkje bli arbeid som hindrar påsketrafikken.

Elles er det heile 19 opningsperiodar for trafikk under det daglege anleggsarbeidet, som pågår mellom kl. 07 og 21. Opningane er i stor grad tilpassa busstrafikken på rv. 13 og ferjetrafikken mellom Brimnes og Bruravik. Det er plassert vaktmannskap i båe ender av det 900 m lange anleggsområdet langs rv. 13, både i Bugjelet og ved Kobbestille.