Nei til Hovda kraftverk

NVE seier nei til bygging av Hovda kraftverk i Åmot og Stor-Elvdal kommunar i Hedmark. Blåfall AS får ikkje løyve av omsyn til ei bekkekløft av nasjonal verdi.

Hovda kraftverk i elva Hovda var planlagt med ein installert effekt på 5,4 MW og en årleg produksjon på om lag 20,5 GWh. Det svarar til straumbruken til om lag 1000 husstandar.

Kommunane er positive til tiltaket, medan dei andre høyringspartane anten er nøytrale eller negative i spørsmålet om det bør gjevast konsesjon, skriv NVE på sine nettsider.

NVE meiner dei negative verknadane i hovudsak er knytt til vassdragets verdi for biologisk mangfald. Kløftemiljøet i Hovda er nasjonalt viktig og er eitt av fem bekkekløftmiljø i fylket som er registrert med denne verdien. Utbygginga vil påverke ein svært viktig bekkekløftlokalitet med mellom anna ein fuktkrevjande raudlisteart (trådragg, VU), samt delar av ein større bekkekløftlokalitet som også er gitt verdien svært viktig.

NVE legg vekt på kløftemiljøet som heilskap og dei biologiske verdiane og det potensialet som fins der, samt dei direkte konsekvensane for ein svært viktig naturtype og ein sårbar art. Ei utbygging vil etter NVE sitt syn påverke desse verdiane sterkt negativt.

NVE har ikkje vurdert nærare om ei utbygging av Hovda vil verke negativt på fiskeverdiane i vassdraget, fordi vurderingane knytt til naturtypen bekkekløft og raudlisteartar uansett er avgjerande for vedtaket.

NVE kan ikkje sjå at dei føreslåtte avbøtande tiltaka i tilstrekkelig grad og med stor nok sikkerheit vil ivareta dei biologiske verdiane. Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE vurderar at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til ålmenne interesser og gjev difor ikkje løyve.