Løyve til Reinåga kraftverk

NVE gjev Småkraft AS løyve til å byggje Reinåga kraftverk, samt å regulere Reinåvatnet med 0,5 m, i Hemnes kommune i Nordland.

Reinåga kraftverk vil få ein årleg produksjon på drygt 10 GWh og med det forsyne om lag 500 husstandar med straum, melder NVE i ei pressemelding.

Kraftverket er planlagt med installert effekt på 3,2 MW. Utbygginga vil nytte eit fall i Reinåga på 567 meter og ei elvestrekning på om lag 1,8 km vil få redusert vassføring. Reinåvatnet vil bli regulert mellom kote 700 og kote 700,5, medan det var søkt om éin meter regulering

Frå inntaket i Reinåvatnet skal vatnet førast i tunell og sjakt ned til kote 300. Frå kote 300 til kraftstasjonen vert vatnet ført i nedgrave røyr. Det vert behov for 200 m ny veg som tilkomst til kraftstasjonen, samt opprusting av allereie eksisterande skogsveg fram til start på tunell. Ovanfor tunellpåhogget skal anlegget byggjast veglaust.

Utbygginga vil gje nokre negative verknadar for landskapet ved fråføring av vatn i Reinåga, som på deler av strekninga er eit synleg element i landskapet. NVE meiner at med deler av røyrgata i tunell, veglaust inntak, slepp av minstevassføring lik den sesongmessige lågvassføringa og at det ikkje vert gjeve løyve til å senke vasstanden i Reinåvatnet med ein halv meter som omsøkt, vil inngrep knytt til landskapsverdiar likevel vere akseptable.

Raudlistearten gubbeskjegg (NT) er registrert i gammalskog langs elva. På denne strekninga går røyrgata i tunell, og ein unngår difor at arten vert påverka. Nedstraums opphavleg planlagd kraftstasjon er det registrert ei regionalt viktig bekkekløft samt 8 raudlista lav og vedbuande sopp i viktig kystgranskog. Det er i konsesjonen sett vilkår om at kraftstasjonen skal flyttast minst 13 høgdemeter opp i forhold til den opphavleg omsøkte plasseringa. På denne måten sikrar ein vatn også i elvelaupet som renn gjennom kystgranskogen og ein unngår å redusere verdien av denne.

I sum vurderer NVE at nytten av tiltaket er større enn skader og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Reinåga kraftverk på fastsette vilkår.