Enklare å innlemme dotterselskap

- Det har vore dyrt og vanskeleg å få innlemma dotterselskap i bustadbyggjelag. No gjer regjeringa framlegg som skal gjere det enklare og billegare, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Til no har bustadbyggjelag måtta avvikle dotterselskapet før ein kunne overføre verdiane i selskapet til bustadbyggjelaget. Dette utløyste krav om dokumentavgift og tinglysningsgebyr. Ei endring i bustadbyggjelagslova skal gjere det både enklare og billigare.

- Ulempene har vore så store at bustadbyggjelag ikkje har organisert seg slik dei meiner er best teneleg. No forenklar vi dette. Ein treng ikkje lengre løyse opp heleigde dotterselskap før dei blir innlemma i bustadbyggjelaget. Dette vil spare laga for både tid og pengar, seier Navarsete.

Stortinget skal no handsame framlegget. Dei nye reglane skal etter planen gjelde frå 1. juli 2012.