Grønt lys for veg- og baneplanar på Voss Arna

- Eg har i dag bede Vegdirektoratet om å leia arbeidet med å greia ut alternativ for å løysa transportutfordringane på strekninga Voss – Arna, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

- Dei ulike konsepta skal leggja grunnlaget for ein effektiv og sikker transport på veg og bane for folk og næringsliv i regionen, sier ho.

For å kasta eit samla lys over veg- og banetransporten på strekninga, skal Vegdirektoratet utarbeida konseptvalutgreiinga (KVU) i samarbeid med Jernbaneverket.

- Mellom Voss og Arna er det mange felles utfordringar på veg og bane. Begge transportårene slit med utforming, tryggleik, kapasitet, tunnelstandard og rasfare. Med små areal og smal topografi på strekninga er det viktig å samarbeida om felles løysingar både i plan- og gjennomføringsfasen som kan føra til ein vinn-vinn-situasjon, seier samferdselsministeren.