Arbeidar for å finne plass til 1,5 mill m3 stein

Det er ikkje små mengde med stein vi snakkar om på nye E39 mellom Svegatjørn og Rådal.

For at vi skal skjøne omfanget gir prosjektleiaren eit bilete på det heile.

- Tenk deg ein steinhaug som har like stor diameter som Lille Lungegårdsvannet i Bergen sentrum, og med ein høgde lik to rådhus som i Bergen, seier prosjektleiar Arne Eltvik på nye E39 mellom Svegatjørn og Rådal til vegvesen.no.

Prosjektgruppa meiner dei har kontroll på dei fleste planane som skal til for å setje i gong bygginga i 2013. Deponering av steinmassane er blitt ein hard nøtt for prosjektleiaren. Det var meininga at stein skulle køyrast til Flesland for å fylle ut der, men no har Avinor sagt at dei ikkje har plass. Løysninga på steinen må nemleg vere i boks før dei kan sende prosjektstyringsplanen til ekstern kvalitetssikring (KS2) i sommar.
- For å halde målsetjinga om å opna vegen i 2018, så må vi få sendt dette som planlagt. Stortinget må nemleg gje sin tilslutning til planane våren 2013, seier Eltvik.

Dumpe i sjøen?
På prosjektkontoret er fleire i arbeid med å finne eit egna sted for all steinen.
- Kan hende vi kjem til å lagre ein større del av steinen i Endelausmarka enn det som var planlagt, men det blir eit stort overskot att som vi tek på alvor. Ein siste utveg blir truleg å søke om løyve til å dumpe steinen i sjøen, men dette er ikkje ønskeleg for vi ser på steinen som ein ressurs. Vi har aktuelle aktørar i sikte når vi er i gong med sprenginga, men vi må ha et sikkert alternativ for å få prosjektet vedtatt, seier Eltvik