Tilrår løyve til bygging av Mannsberg kraftverk

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Hydro Aluminium AS løyve til å bygge Mannsberg kraftverk i Årdal kommune, Sogn og Fjordane.

Utbygginga inneber at avlaupet frå Mannsbergvatn vert overført til Breitbotnvatn.

NVE legg i si samla vurdering vekt på at kraftverket vil gje ein årleg produksjon på inntil 12 GWh fornybar energi, noko som tilsvarer straumforbruket til omlag 600 husstandar. Kraftverket vil føre til ei betre utnytting av eksisterande reguleringar, og verknadene er i hovudsak avgrensa til visuelle effektar på landskapet og ulempar for hytteområdet på Mannsberg.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette vilkår til å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser. Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.