Fornya konsesjonar for Øvre Svultingen kraftverk

NVE tilrår at Olje- og energidepartementet gjev fornya løyve til regulering av Nordstrandsvatnet og drift av Øvre Svultingen kraftverk i Bøfjordvassdraget i Høyanger kommune i Sogn og Fjordane.

Produksjonen i kraftverket vil vere om lag 26 GWh/år som tilsvarar straumforbruket for om lag 1300 husstandar.

NVE foreslår å avgrense senkinga av Nordstrandsvatnet frå dagens 30 m til maksimalt 12 m mellom anna for å avbøte dei landskapsmessige verknadene. Vidare går NVE inn for å halde ein minimum sommarvasstand etter oppfyllinga av vatnet. Endeleg tilrår NVE at slukeevna i kraftverket vert auka frå 4,8 til 9,3 m3/s ved å setje inn eit nytt aggregat i kraftstasjonen. Dette gjev ein auke i energiproduksjonen på ca 2 GWh utan større negative verknader nedstraums i vassdraget.

Med forslag til avbøtande tiltak og nye vilkår meinar NVE at skadane og ulempene for allmenne og private interesser ved framleis drift av kraftverket vert redusert i høve til dagens nivå, og utan at energiproduksjonen vert redusert i nemneverdig grad.

Les mer her