Innlevering av skisser for fjordkryssing

Statens vegvesen har invitert seks konsulentfirma med på laget for å videreutvikle konsept for kryssing av Sognefjorden med flyte- og røyr bru. Fristen for innsending av skisser er ute, og alle har levert inn forslag.

Statens vegvesen har jobba fram studie på ulike konsept for kryssing av Sognefjorden, og konklusjonen er at det er mogeleg å krysse dei mest utfordrande fjordarmane på vestlandet. Saman med eksterne konsulentar blir dette arbeidet vidareutvikla. Kvart konsulentfirma har danna undergrupperingar, slik at det i realiteten er seks konsulentgrupperingar som konkurrerer om oppdraget.

Konsulentfirma har sendt inn skisser for å delta i ein konkurranseprega dialog med Vegvesenet. Dei har vore med i ei pre kvalifisering, og er invitert til å vere med vidare i prosessen. Kvart enkelt firma er bedt om å levere forslag til ulike konsept for kryssing av Sognefjorden. Kvar deltakar må levere forslag i minimum to av tre delkonkurransar; flytebru, røyrbru eller ein kombinasjon av flytebru/røyrbru.

- Vi har fått inn skisser frå alle som var inviterte, seier prosjektleiar for delprosjekt fjordkryssing Lidvard Skorpa. - No vil vi setje oss inn i materialet og vurdere kva vi tek med oss vidare inn i dialogfasen, fortset han.

Målet med dialogfasen er å vidareutvikle dei ulike konsepta, for å finne dei løysingane som er best tenlege og har størst potensiale for å bli realisert. Statens vegvesen vil gjennomføre dette arbeidet i tett og fortruleg samarbeid med kvart enkelt konsulentfirma.

- Konkurranseprega dialog er ei krevjande og utfordrande arbeidsform. Vi skal syte for at det blir ein ryddig prosess slik at vi får ein god og fruktbar konkurranse, avsluttar Skorpa.

Det er forventa at konsulentane som får oppdraga skal levere sluttrapport innan utgangen av 2012.