1000 nye studentbustader

Kunnskapsdepartementet har fordelt 242 millionar kroner til bygging av 1039 nye studentbustader for 2012.

- Tilgang på rimelege bustader er viktig for studentane sin økonomi. Med årets løyving vidarefører vi den historisk store satsinga på studentbustadbygging og understrekar politikken til den raudgrøne regjeringa om at alle skal ha ein lik rett til utdanning, seier statsråd for forsking og høgare utdanning Tora Aasland i en pressemelding fra Kunnskapsdepartemenet.

Sida 2005 har regjeringa totalt løyvt midlar til bygginga av 6318 studentbustader.

I årets fordeling blir om lag 2/3 av studentbustadtilskota gitt til pressområda. Dette er gjort fordi det er eit særleg behov for studentbustader i dei store byane. Samtidig er det framleis behov for fleire studentbustader i heile landet. Ved løyvinga er det også lagt vekt på talet internasjonale studentar og bustadmarknaden rundt studiestaden.

Studentsamskipnad i/for   Tilsegn innvilga

Sunnmøre                       35

Agder                           100

Stavanger                     146

Oslo og Akershus            164

Ås                               100

Bergen                         100

Oppland                        87

Romsdal og Nordmøre      10

Trondheim                    130