Elektro-start i Vallaviktunnelen

Den 16-17 månader lange anleggsperioden i rv. 13 Vallaviktunnelen er no i gang. Det blir kolonnekøyring gjennom tunnelen seks dagar i veka.

Det er danske KB Electrotech som har fått oppdraget av Statens vegvesen på elektrokontrakta til Hardangerbrua, inkludert fornying av elektro-installasjonane i den 7510 m lange Vallaviktunnelen. Det er i tunnelen at den tyngste delen av elektro-entreprisen ligg, og arbeidsinnsatsen blir i første fase set inn her, før ein går i gang med el-anlegget dei nye tunnelane i Vallavik og på Bu, og seinare installasjonane på brua, melder vegvesen.no.

Rask etablering
Danskane kom på plass i Hardanger mandag kveld og nytta første dagen til rigging i Vallavik, der brutårnet ragar 202,5 meter over Eidfjorden. Alt onsdag 1. februar er arbeidet i gang i tunnelen. Danskane har engasjert E. Opedal & sønner til trafikkavviklinga med kolonnekøyring. Arbeidet i tunnelen vil skje på dagtid framover vinteren. Det betyr at det blir kolonnekøyring kvardagar mellom kl. 07.00 og 18.00. Laurdagar blir det kolonnekøyring mellom kl. 08.00 og 15.30. Utanom desse tidene blir Vallaviktunnelen open for fri ferdsel, med nedsett fartsgrense.

Inntil 20 minutt
Opplegget er å nytta sperrebom i kvar ende og følgjebil for einvegs kolonne. Det vil kunne bli ei ventetid på inntil 20 minutt. Statens vegvesen oppmodar trafikantane om å respektera sperrebommen, og venta på at følgjebilen er på plass til neste kolonne. Trafikantar frå Granvin som skal ta ferje frå Bruravik må ta høgde for forseinking på inntil 20 minutt. Det er såleis inga "rutetabell" for kolonnekøyringa mellom Granvin og Vallavik, og ferja går etter gjeldande avgangstider mellom Bruravik og Brimnes.

Arbeid på fv. 572 frå mai
Trafikantar som ikkje vil ha inntil 20 minutt ventetid, kan nytta omkøyringsvegen på fv. 572 om Ulvik og Espelandsdalen. Rassikringsarbeidet ved Eddegjelet og Torgilsberget på fv. 572 mellom Bruravik og Ulvik vil ikkje ta til før i mai 2012. Etter den tid vil det bli ei samordning mellom arbeidet i rv. 13 Vallaviktunnelen og arbeidet på fv. 572, der det skal byggjast ny tunnel forbi det mest rasfarlege partiet mellom Bruravik og Ulvik.