Arbeidsulukke på E16

Ein mann vart alvorleg skada då han i førre veke kom i klem under bygginga av Borlaugstunnelen.

For å stabilisere fjellet under tunneldriving vert betong sprøyta på tak og veggar i tunnelen. Det var under ei slik sprøyting at mannen kom i klem mellom ein betongbil og tunnelveggen, skriver vegvesen.no.

- Dette var ei svært lei ulukke. Både byggherre og entreprenør har sterkt fokus på, og legg mykje ressursar i å forhindre ulukker under anleggsarbeida. Så går det plutselig gale likevel. Eg håpar inderleg at den tilskadekomne etter kvart blir lekja og kjem seg frå hendinga utan varige skader, seier prosjektleiar Oddvin Ylvisaker.

I fylgje HMS-rapporten frå hendinga skjedde ulukka då betongbilen frå betongleverandøren rygga inn i tunnelen. Bilen stogga cirka 3 meter frå sprøyteriggen for å snu betongrenna og ordne med spyleslange før betongen skulle sendast til betongtrauet.

Sprøyteriggoperatøren, han som leier sprøytearbeidet, var i nærleiken saman med to representantar frå Vegvesenet då ulukka skjedde. Dei stod med ryggen til og fekk difor ikkje med seg sjølve hendinga, men betongbilen må ha rulla bakover, og sjåføren kom i klem.

Sprøyteriggoperatøren sprang til og fekk køyrt fram betongbilen, men då hadde mannen allereie pådrege seg store skader i beina. Han vart etter kvart sendt til Haukeland Universitetsjukehus med helikopter, der han framleis er innlagd med alvorlege skader.