Sjekkar fjellkvaliteten i Rogfast-traseen

Måndag 16. januar startar Statens vegvesen med seismiske undersøkingar rundt Kvitsøy. Poenget med undersøkingane er å kartlegge kvaliteten på fjellet der Rogfast skal byggast.

Førebuingane til bygginga av verdas lengste undersjøiske tunnel, Rogfast, fortset for fullt, melder vegvesen.no.

– Me brukar seismikk for å finna ut korleis kvaliteten på berggrunnen under havbotnen i Boknafjorden er, seier senioringeniør Anne-Merete Gilje i Statens vegvesen.

Dei seismiske undersøkingane rundt Kvitsøy skal være ferdig ved utgangen av mars. Undersøkingane blir gjort frå båt. Undersøkingane er ein del av arbeidet med reguleringsplanane.

– Arbeidet er en del av førebuinga til tunnelarbeidet. Undersøkingane av fjellkvaliteten er og viktig for å kunne seie noko om prisen på tunnelen, opplyser Gilje.

Kystverket og skipstrafikken er varsla om arbeidet. Arbeidet startar i samråd med oppdrettar Grieg Seafood på Kvitsøy, som er ferdig med slaktinga.

Det norske selskapet GeoPhysix AS gjer dei seismiske undersøkingane.