Nyborgkrysset ferdig til 1. mai

Den nye toplanskrysset på E39 i Åsane i Bergen blir ferdig seks veker før planen.

- Entreprenøren vår Fyllingen Maskin har vore dyktig i vurderinga si av kvar ein skal setje inn ressursane for å oppnå størst muleg effektivitet, seier byggjeleiar Andreas Kolås, som ein del av forklaringa.

- I tillegg har vi endra på nokre av plasseringane på dei mellombelse vegane, slik at vi har oppnådd tilgang til område som ein utgangspunktet ikke hadde.

Eit ferdig Nyborgkryss til 1. mai inneber også at IKEA truleg kan opne sitt nybygg i Åsane 2. mai, slik dei har håpa, skriv Statens vegvesen på sine nettsider.

- IKEA må søkje om dette hos Bergen kommune, men vi går inn for at IKEA kan opne når krysset er ferdig og det permanente trafikkmønsteret er på plass, seier Kolås.

Framleis arbeid att
Fram til opninga av krysset skal ein leggje ferdig all asfalten i krysset og kople på rampene i området der dagens mellombelse rundkøyring ligg.

- Dagens rampe frå E39 og opp i ny permanent rundkjøring ved IKEA, kryssar i dag den permanente vegtraséen. Her blir det også noko arbeid med å grave vekk mellombels veg og etablere den permanente.

Vegmerkinga og alle skilt må også være på plass. Det same med veglysa. I dag er cirka halvparten av veglysa i drift, resten kjem fortløpande fram til krysset er ferdig.

Eitt køyrefelt i periodar
Trafikantane kjem også til å merkje arbeid dei siste månadane. Entreprenøren må jobbe tett i og på E39 for å kople saman rampene og fjerna den mellombelse rundkøyringa.

- Dette inneber at det i periodar blir eitt køyrefelt forbi området, for å sikre at arbeidet skjer på en trygg måte både for trafikantar og arbeidarar. Noko av arbeidet vil nok også skje på natta, slik at trafikken blir minst mulig berørt, seier Kolås.

Det blir også litt arbeid med krysset etter 1. mai.

- Vi skal gjere mykje grøntarbeid, som planting av tre, busker og såing av grasareal. Det gjenstår også asfaltering av slitelaget. Dette er det siste laget av asfalt som ein legg. Vi har bevisst venta med det for å få best muleg forhold. Dette arbeidet vil stort sett pågå på kveld/natt, avsluttar Kolås.