Dagleg Leiar til Vestlandet

Nordplan er eit fleirfagleg kompetansemiljø på 40 medarbeidarar som utfører Arkitekttenester, Landskapsarkitekttenester, Arealplanlegging,
Bygge- og anleggsteknisk prosjektering og Prosjekt-administrasjon. Vi har kontor på Nordfjordeid, i Førde, Vågå og Ålesund.

FirmaNordplan AS
Fylke
Søknadsfrist20.01.2012

Vår daglege leiar ynskjer å gå over i anna stilling i Nordplan etter å ha leia selskapet i 20 år og vi søker difor etter

Dagleg leiar - til eit spennande kompetansemiljø

Vi ser etter ein engasjert, tydeleg og utadvendt leiar med sterk operativ
handlekraft som skal sikre vår framtidige posisjon.

Du må ha relevant leiarerfaring, ha god kjennskap til vår bransje og vere god til å kommunisere på alle nivå. Vi stiller store krav til heilskapleg tenking i eit fleirfagleg selskap som opererer i ein krevjande
marknad. Leiarstilen din må vere prega av forretnings- og marknads-orientering med fokus på vekst og utvikling.

Du bør ha utdanning på universitetsnivå.

Vi kan tilby spennande utfordringar og konkurransedyktige vilkår i eit veldrive selskap.

Kontorstad for stillinga vil vere ved eitt av våre kontor.

Søknadsfrist 20.01.2012. For meir info kontakt dagleg leiar Svein Rotevatn, tlf. 97189046 eller styreleiar Harald Ynnesdal, tlf. 90135762.

Les meir om stillinga på www.nordplan.no

Nordfjordeid         Eidsgt. 25
Førde                   Hafstadv. 36
Vågå                    Vågå Næringshage
Ålesund                Apotekergt. 9A

Nordplan AS
tlf. 57 88 55 00
www.nordplan.no

Vis flere stillinger: