Husleigetvistutvalet utvida til Hordaland og trøndelagsfylka

Frå nyåret kan folk i Hordaland og trøndelagsfylka nytte Husleigetvistutvalet. Utvalet kan hjelpe dersom det er usemje om husleige, oppseiing av kontraktar og frigjeving av depositum.

- Usemje om husleige er ofte saker med låg økonomisk verdi. Samstundes betyr det mykje for dei det gjeld. Husleigetvistutvalet er eit godt, raskt og rimeleg alternativ til rettssak, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Husleigetvistutvalet blei starta i Oslo og Akershus i 2001. I 2010 blei det utvida til Bergen og Trondheim. Frå 1. januar 2012 får heile Hordaland og Trøndelagsfylka nytte utvalet. Tvisteløysarane har spesialkompetanse innan husleigerett og konfliktmekling.

Saker som høyrer inn under Husleigetvistutvalet blir ikkje lenger handsama av forliksrådet.Både utleigarar og leigarar kan bringe saker inn for utvalet. Den som bringer saka inn, må betale eit gebyr på 860 kroner. Dersom mekling ikkje fører fram, vil saka bli avgjort av utvalet.

Utvalet trer i kraft frå 1. januar 2012. Husleigetvistutvalet i Hordland har kontor i Bergen, medan Husleigetvistutvalet i Sør- og Nord-Trøndelag har kontor i Trondheim.