Dagmar skada sikring på Hardangerbrua

Orkan-kreftene til ekstrem-veret Dagmar har også gjort skade på sikringa av arbeidsplattformen som blir brukt til bygging av Hardangerbrua.

Hardanger er råka av uveret i jula, med stengde vegar og store skadar på gard og grunn. Heller ikkje installasjonane som er i bruk på bygging av Hardangerbruahar gått fri naturkreftene sine herjingar.

Langt over storm
Den uvanleg sterke vinden har kutta nokre av waierane på den såkalla stormsikringa til catwalken på Bu-sida av fjorden. Dette er eit nett av forsterkings-tau som skal halda arbeidsplattformen stabil under kraftig vind.

Delar av sikringstauet på sørsida av fjorden hang ned mot sjøen etter å ha blitt slete av i det som må ha vore over orkan vindstyrke i løpet av julehelga.

Liten trafikk
- Kystverket er informert om situasjonen og delar av fjordspennet nærast Bu blei stengt etter at hendinga blei oppdaga av vaktmannskap frå stålentreprenøren påHardangerbrua, opplyser prosjektleiar Øivind L.Søvik i Statens vegvesen.

Det er sett inn vaktbåt i fjorden etter hendinga. Det er rimeleg nok lite båt-trafikk i Eidfjorden på denne tida av året, slik at det ikkje skulle ha praktiske konsekvensar at delar av fjordbassenget ved Bu er stengt i ein kortare periode.

Juleferie
Det har vore juleferie for byggjemannskapa på brua sidan 22.desember. Bruarbeidet tek til att som planlagt 3.januar.

Dagmar gjorde også skade på eit lagertelt og likeeins eit garasje-telt på Bu. Men dei solide stål-elementa som står lagra her er ikkje skada etter uveret.

Det er kabelspinning tilHardangerbruasom vil vera under arbeid framover vinteren og våren 2012. To av dei 38 delkablane var spunne før jul.