Løyve til bygging av Sommersethelva kraftverk

NVE gjev Fjellkraft AS løyve til å bygge Sommersethelva kraftverk i Tysfjord kommune i Nordland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 5 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 250 husstandar.

Det vert behov for å byggje ein om lag 20 meter lang veg til kraftstasjonsområdet, anleggsvegen langs røyrgata skal tilbakeførast.

Det er ikkje påvist raudlista artar i prosjektområdet. Det er heller ikkje særlege landskaps- eller friluftsinteresser knytt til tiltaksområdet. NVE meiner difor at avbøtande tiltak som slepp av sesongmesseg minstevassføring og varsam utbygging vil halde utbygginga på eit akseptabelt nivå.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka til å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser og gjev difor løyve til Sommersethelva kraftverk på fastsette vilkår.

Les meir om Sommersethelva kraftverk her