God framdrift på rv. 15

Det meldes om god framdrift frå anleggsstart på rv. 15 Rise bru–Stryn aust.

Ein mild haust har ført til god framdrift for entreprenøren på anlegget. Byggjestarten var 1. november 2011 og entreprenør Lars Kveen AS har jobba uhindra av tele i jorda, melder vegvesen.no.

Snøen kom til etter kvart, men enno har kuldegradene ikkje sett seg i bakken og framdrifta er uhindra av tele. Nokre utfordringar har det likevel vore sidan grunnforholda på strekninga er dårlege.

- Dette har ført til at me må leggje ein god del meir sprengstein i fylling for å få ein god nok kvalitet på underlaget, fortel prosjektleiar Per Kristian Sønsthagen.

- Me håpar å få lagt trafikken over på det som blir ny veg så fort som råd. Dette vil hjelpe på trafikkavviklinga på strekninga. Omlegginga av straum- og telekablar er ferdig utført på denne strekninga som me no jobbar på, avsluttar prosjektleiaren.

Anleggsperioden er forventa avslutta hausten 2012.