Løyve til Øvre Forsland kraftverk

NVE gjev Helgelandskraft AS løyve til å bygge Øvre Forsland kraftverk i Leirfjord kommune i Nordland.

Samstundes sender NVE sin innstilling til Olje- og energidepartementet med tilråding om at Helgelandskraft får løyve til å bygge Vassenden kraftverk. Det er berekna at de to kraftverka kan produsere ca. 70 GWh til saman, noko som svarer til straumbruken til rundt 3 500 husstandar.

Helgelandskraft AS har søkt om løyve til å bygge Øvre Forsland og Vassenden kraftverk i høvesvis Forslandsvassdraget og Storvatnvassdraget (Leirelvvassdraget). Begge tiltaka ligg i Leirfjord kommune i Nordland fylke.

Øvre Forsland
Øvre Forsland kraftverk vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på ca. 31,3 GWh, noko som svarer til straumbruken til rundt 1 600 husstandar. Vatnet skal førast i tunnel mellom inntaket i Nedre Dalsvatn og kraftstasjonen innerst i Forslandsdalen. Inntaket skal byggast veglaust, men det skal byggast veg mellom Dalvatnet og kraftstasjonen. Straumen skal førast ut via jord- og sjøkabel. Tiltaket ligg i eit område med lite inngrep. Reindrifta vil miste noko areal, og Simaforsen vil bli redusert som landskapselement. Det er ikkje påvist nokon raudlista arter som vil bli påverka av tiltaket. NVE meiner at med tilstrekkeleg vannslepp heile året, og god planlegging og oppfølging av anlegget i byggetida, vil skadeverknadane for natur og miljø vere akseptable.

Vassenden
Vassenden kraftverk vil med NVEs forslag til minstevassføring produsere ca. 38 GWh pr. år, noko som svarer til straumbruken til rundt 1 900 husstandar. Vatnet skal førast i tunnel frå inntak i Sørelva, Hansfinnvatnet og Nordelva, og ned til kraftstasjonen i Vassenden. Inntaka skal byggast veglause. Straumen skal førast ut via jord- og sjøkabel. Tiltaket ligg i eit område med lite inngrep. Med kraftverk i fjell vil negative konsekvensar for reindrift vere små. Inngrepa vil redusere landskapsopplevinga, og vekstforholda til flaumvasskogen i Vassenden vil bli endra. Det er ikkje påvist nokon raudlista arter som vil bli påverka av tiltaket. NVE meiner at med tilstrekkeleg vannslepp heile året og god planlegging og oppfølging av anlegget i byggetida, vil skadeverknadane for naturen og miljøet vere akseptable. NVE tilrår at det gis løyve til bygging etter alternativ B, med kraftstasjon i fjell.

NVE vurderer at fordelane av tiltaka i høve til dei ålmenne og private interessene er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverka med avbøtande tiltak.

Meir om løyve til Øvre Forsland kraftverk
Meir om NVEs innstilling om Vassenden kraftverk