Opnar to delprosjekt i Vossapakko

Tysdag 20. desember opnar rv. 13 Mønshaug-Palmafoss og rv. 13 Øvre Granvin-Voss grense med Tunsbergtunnelen. Frå same dato vert Skjervet vinterstengd.

Arrangementet vil finne stad ved inngangen til Tunsbergtunnelen i Svelgane og startar klokka 12. Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa vil føreta den seremonielle handlinga.

Her vert kulturinnslag ved Voss skulemusikk og Granvin kulturskule, talar og helsingar.

Om prosjekta
Da Vossapakko vart vedtatt i Stortinget 2. juni 2009 var utbyggingskostnaden rekna til 1130 mill. 2009-kroner. Da var desse prosjekta med:

* Rv. 13 Øvre Granvin – Voss grense/Tunsbergtunnelen
* Rv. 13 Palmafoss – Mønshaug
* E16 Stamveg forbi Voss/ Vangstunnelen

I tillegg kom
* E16 Kryss Stanghelle i Vaksdal
* Tiltak på nedlagt E16 i Voss sentrum/ Vossavangen
* Tiltak på nedlagt rv. 13 i Granvin/ Skjervet

Kontrakten med med Veidekke Entreprenør AS om prosjekta som opnar i dag vart inngått den 28. oktober 2009, og spaden vart sett i jorda i november same år.

Anlegga har gått så bra at Statens vegvesen kan opne desse prosjekta seks månader tidlegare enn planlagd. Det er dessutan spara mange kroner som resten av Vossapakko nok vil trenge.

Ca. 200 000 arbeidstimar er gjennomførte og her har vore berre éin personskade med fråver. Ein sjåfør vrikka ankelen da han skulle hoppe ut av førarhuset på lastebilen.

Faktaopplysningar:
Rv. 13 Øvre Granvin – Voss grense
Dette er bygt:
Riksveg: 5.300 m (inkl tunnel)
Tunsbergtunnelen: 4.091 m; T 8,5
Sidevegar: 1230 m
Gang og sykkelveg/ fortau: 760 m
Seimsbrui: 36 m
Svelgabrui: 40 m
Kulvert Seim: 1 stk 4 m x 4 m

RV13 Palmafoss – Mønshaug:
Riksveg: 3.700 m
Sidevegar: 2.000 m
Gang og sykkelveg: 3.100 m
Kulvert under ny riksveg 4 stk a 4 m x 4 m
Støydempa 40 hus

Entreprenørar:
Veg-, bru- og tunnel: Veidekke Entreprenør AS
Elektro tunnel: Tom Staurbakk AS
Støytiltak: Brattebø Bygg AS

Økonomi:
Forbruk på rv. 13 pr 15.12.2011: 440 mill.kr (11-kr)
Prognosen: 530 mill.kr (11-kr)
Opprinneleg overslag: 643 mill.kr (11-kr)

Byggjer langt under overslag på rv13.

HMS
Prosjektet er bygt utan alvorlege skader med fråver. Det er registrert kun ein skade med fråver; det var ein sjåfør som hoppa ned frå førarhuset på ein lastebil og vrikka foten. Totalt er det utført anleggsarbeid og til dels risikofylt arbeid, i ca 200.000 arbeidstimar.

Det er registrert eit uhell med potensial for større skade; ei gravmaskin pigga inn i sprengstoff på Mønshaug. Ein del materielle skader; men ingen personskade.

Arbeid utført:
Sprengt i dagen: 72.000 m3
Sprengt i tunnel: 280.000 m3

Masseflytting av lausmassar (fjell og jord): ca. 400.000 m3
Forsterkningslag av sprengt stein: 100.000 m3
Forsterkningslag av knuste massar: 34.000 m3
Det er lagt 3 lag asfalt; 4,5 cm bærelag, 3 cm bindlag og 6 cm slitelag = 13,5 cm asfalt

Tørrmurar: 4.400 m2
Boltar i tunnel: 37.000 stk
Spøytebetong: 10.000 m3
PE- skum: 43.000 m2
Kabelbru i tunnel: 4.090 m

Totalt skal det såast og plantast eit areal på 133 dekar

Lys på heile daganlegget både på Mønshaug–Palmafoss og på Seim og Svelgane.

Aller meste av tunnelstein er brukt til vegbygging. Granvin herad har overtatt eit mindre overskot.