Utviding av Hellefossen kraftverk

NVE gjev Hellefoss Kraft AS løyve til å utvide Hellefossen kraftverk i Drammenselva i Øvre Eiker kommune i Buskerud.

Ved utvidinga vil kraftverkets årlege produksjon auke med 18 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 900 husstandar.

Hellefoss Kraft AS har søkt om løyve til å utvide Hellefossen kraftverk i Øvre Eiker kommune. Den austre kraftstasjonsbygningen er planlagt utvida med eit eller to aggregat med ein samla installert effekt på 5 MW, som vil gje ein auke i årleg produksjon på 18 GWh. Utbygginga vil nytte det frå før utbygde fallet i Hellefossen. Delar av vatnet skal førast i ein ny inntakskanal til den austlege kraftstasjonsbygningen.

Tiltaket ligg i eit område prega av kraftutbygging og industriverksemd. I elva er det eit omfattande fritidsfiske etter laks. Det har vore eit tilbakevendande problem med stranding av yngel og småfisk ved tilfeller av utfall i kraftverket eller linjenettet. NVE meiner at med den omsøkte utvidinga vil forholda for fisk og andre vannlevande organismar kunne bli betre enn i dag. NVE meiner også at med god planlegging og oppfølging av anlegget i byggetida, vil skadeverknadane for landskap og miljø vere akseptable. NVE vurderer at fordelane av tiltaket i høve til dei ålmenne og private interessene er større enn skadane og ulempene ved å utvide kraftverket, og gjev difor løyve til utvidinga av Hellefossen kraftverk på fastsette vilkår.