Auke i røyrleggjarkostnadene

Byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg gjekk opp med 0,4 prosent frå oktober til november i år. Arbeidskraftkostnaden steig med 0,8 prosent, mens materialkostnadene var uendra i same periode.

Lønsstatistikk for 3. kvartal 2011 er rekna inn i byggjekostnadene for november, melder SSB.

Frå november i fjor til november i år auka byggjekostnadene med 5,1 prosent. Kostnadene for sanitærinstallasjonar og varmeinstallasjonar steig med høvesvis 6,2 og 3,7 prosent i same periode.

Les mer her