E39-prosjekt går som planlagt

Bygginga av E39 Torvund–Teigen går som planlagt, sjølv om det oppstår utfordringar undervegs i arbeidet.

Prosjektleiar Sverre Måge fortel til vegvesen.no at trafikkavviklinga stort sett har gått bra, sjølv om europavegen ved anleggsområdet er sterkt trafikkert. Nokre utfordringar har det vore under lange stengingsperiodar, men SMS-varslinga har hjelpt trafikantane til å planlegge reisa si.

Prosjektleiaren fortel at tryggleiken alltid står i høgsetet på veganlegget, og difor kan ikkje trafikkvaktene sleppe trafikk forbi området før dei har fått melding om at det er forsvarleg og trygt.

På vestsida av Torvundhovden har det vorte skade på ei bru. Det eine landkaret på brua vart undergreve under ein storflaum i mai 2011. Statens vegvesen ventar på ei avklaring frå entreprenøren om kva som skal gjerast med skaden.

Sprengningsarbeidet har gått bra, sjølv om det har vore litt krevjande med sprenginga ved “Skolten” over Fagernes. Her er det bratt ned til gamlevegen der trafikken går. Løysinga har vore å skyte små salver, seier prosjektleiaren.Gamlevegen vert gjort om

Gamlevegen skal nyttast også etter at den nye strekninga er opna. Det blir samanhengande gang- og sykkelveg frå Norevik inn til kryssingspunkt for vegen til Fagernes. Frå Fagernes vert det gang- og sykkelveg til Teigen.

Nytt båtopptrekk
Det vert no anlagt eit nytt båtopptrekk aust for Vollen som erstattar den tidlegare båtplassen i Norevik. 10–15 båtar vil det vere plass til på den nye båtplassen.

Forventa opna seint på hausten 2012
Prosjektet held tidsskjemaet, og prosjektleiaren fortel at dei forventar at den offisielle opninga av E39 Torvund–Teigen vert seint hausten 2012. Inntil opningsdatoen kan det bli stengingsperiodar på opp til 30 minuttar forbi anleggsområdet.