Løyve til Døskeland kraftverk

NVE gjev Døskeland Kraft SUS løyve til å bygge Døskeland kraftverk i Gaular kommune i Sogn og Fjordane. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på 2,9 GWh, noko som svarer til straumbruken til rund 145 husstandar.

Døskeland Kraft SUS har søkt om løyve til å byggje Døskeland kraftverk i Gaular kommune. Kraftverket er planlagt med ei installert effekt på 730 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på 2,9 GWh. Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på 220 meter og endre naturleg vassføring på ei 1100 meter lang strekning i Stordalselva. Vatnet skal førast i nedgravne røyr mellom inntak og kraftstasjon.

Tiltaket er planlagt i ei sideelv til det verna Gaularvassdraget. I verna vassdrag er det opna for at det kan gjevast konsesjon for utbygging av minikraftverk med inntil 1 MW installert effekt med føresetnad om at utbygging ikkje kjem i konflikt med vernekriteria.

Det planlagte kraftverket ligg i eit område prega av støylsbruk og skogbruk. Det er ikkje påvist raudlista arter tilknytt tiltaksområdet. NVE meiner at med tilstrekkeleg minstevassføring heile året, og god planlegging og oppfølging av anlegget i byggetida, vil skadeverknadene for landskap og miljø vere akseptable og utbygginga vil ikkje vere i strid med vernekriteria for vassdraget. NVE vurderer at fordelane av tiltaket i høve til dei ålmenne og private interessene er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket, og gjev difor løyve til Døskeland kraftverk på fastsette vilkår.