Startlån viktigaste verkemiddel

- Startlånet er regjeringa sitt viktigaste verktøy for å hjelpe unge og vanskelegstilte inn i eigen eigd bustad. Det vil det framleis vere, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Det er grunn til uro rundt hushalda si høge gjeld. Derfor er det særs viktig at lån både frå private finansinstitusjonar og frå kommunane blir gitt etter ei grundig, individuell kredittvurdering.

Finanstilsynet har kome med framlegg om innstrammingar i utlånspraksisen til private finansinstitusjonar. Eit av framlegga er at det normalt ikkje skal bli gitt pantelån med større verdi enn 85 prosent av verdien på bustaden.

Husbanken og kommunane er ikkje underlagt tilsyn frå Finanstilsynet, det er det berre private finansinstitusjonar som er. Finanstilsynet sine nye retningslinjer vil derfor ikkje direkte gjelde bruken av startlån.

Når startlån blir gitt saman med lån frå ein bank under tilsyn frå Finanstilsynet, blir likevel startlånet påverka. Bankane kan avvike frå norma om 85 prosent lånegrad dersom det ligg føre ei særskilt vurdering av om det er forsvarleg å gje lånet. Startlånet er allereie i dag underlagt ei slik eiga vurdering.

- Regjeringa legg derfor til grunn at med ei slik forsvarlegvurdering i både banken og kommunane også framover, så vil dei nye retningslinjene ikkje vere til hinder for at samla lån framleis kan overstige 85 prosent av bustadverdien, seier Navarsete.

Vi har no hatt utgreiinga NOU 2011:15 ”Rom for alle - ein sosial bustadpolitikk” på høyring. Neste haust skal regjeringa leggje fram ei stortingsmelding om bustadpolitikken. Startlånet og bustadetablering vil vere eitt av fleire viktige tema vi skal drøfte der.