Endra framdrift for Reiselivsmuseum

I samråd med Balestrand kommune og Norsk Reiselivsmuseum har Statsbygg vedteke å endre framdriftsplanen for det nye reiselivsmuseet i Balestrand i Sogn og Fjordane.

Planlagt ferdigstilling for nybygget blir no hausten 2013, og ikkje våren 2013.

Ein av grunnane til dette er at det er meir hensiktsmessig for museet å planleggje for ei opning ved starten av 2014-sesongen.

– Dei endra planane gjer at spesielt turistnæringa i Balestrand blir mindre påverka av byggjeaktiviteten den kommande sesongen. Tidspresset blir sjølvsagt òg mindre i byggjeprosjektet, fortel prosjektleiar Nils Øyvind Bø i Statsbygg.

Balestrand kommune har vore uroa for byggjeaktiviteten i turistsesongen og har klart gitt uttrykk for at dei ikkje ønsker ein stram framdriftsplan for å bli ferdig med grunnarbeida før sommarsesongen 2012.

– Sidan enkelte potensielle entreprenørar òg har påpeikt at dei meiner framdriftsplanen er i strammaste laget, har vi teke omsyn til det. No satsar vi på å vere ferdige hausten 2013, og det er det beste for alle partane, seier prosjektleiaren.

Statsbygg har fått i oppdrag av Kulturdepartementet å stå for prosjektering og byggjing av reiselivsmuseet i Balestrand. Bygget skal romme utstillingsareal, auditorium, magasin, kontor, kafé og resepsjon. Det har eit samla areal på 1800 kvadratmeter og skal liggje ved sida av Kviknes Hotel. Arkitekturen blir spesiell siden bygget nærmast vil bli skore inn i fjellet.