Noreg har ein bustadminister!

Liv Signe Navarsete

Kommunal- og regionalminister (Sp)

Eg leier Kommunal- og regionaldepartementet, som har ansvaret for bustad- og bygningspolitikken i Noreg. Ei av oppgåvene er å sikre gode rammevilkår og å leggje til rette for effektive byggjeprosessar. Bustadpolitikk blir teken godt hand om med den organiseringa me har i dag.

Eek grunngjev etterlysinga med at ministeren skal ha ansvar for at det blir bygd bustader.

Politikk frå fortida
Dette er etterlysing av ein politikk som var meir framtredande tidligare, der det viktigaste var å skaffe fleire bustader. I tiåra etter krigen var det brei semje om at me mangla bustader. Eit av virkemidla var lovpålagte bustadplanar i alle kommunar for å sikre høg bustadbygging.

Dette var ein politikk tilpassa ein prisregulert bustadmarknad . Bustadmarknaden blei avregulert for nesten 30 år sidan. Nesten alle nye bustader blir no omsett i ein fri marknad. Dette inneber mellom anna at nye bustadar må bli selde, elles vil utbyggjarane li økonomisk tap.

Med desse rammevilkåra er det difor etterspurnaden etter bustader som i stor grad avgjer takta på bustadbyggjinga. Dersom staten og ein «bustadminister» skulle avgjere dette, vil det vere å overlate ein særs stor risiko til utbyggjarane.

Kommunane har ansvar
Kommunane har ansvaret for å drive ein aktiv tomtepolitikk. Det er viktig at kommunane til ei kvar tid har ledige regulerte tomtar. Det er kommunane som har dei beste føresetnadene for å gjere lokale vurderingar om kva bustadbehova vil vere i kommunen er framover, òg i tomtepolitikken. Det er viktig at kommunane tek ansvar på dette området.

Sjølv om staten ikkje skal styre kor mange bustader som skal byggjast, vil regjeringa å føre ein aktiv politikk for å halde bustadbygginga oppe. Dette vil vere tema både stortingsmeldinga om bygningspolitikken og i meldinga om bustadpolitikken som kjem neste år. Departementet inviterer difor til eit innspelsmøte med representantar frå byggjenæringa og kommunar. Me ynskjer diskusjon om hinder for bustadbygging og me ynskjer å få innspel som kan auke aktiviteten.