Fire løyve til minikraftverk

NVE har gitt løyve til to nye kraftverk og to opprustingar av eksisterande kraftverk  i Bjerkreimsvassdraget.

NVE har handsama fem søknader om bygging av kraftverk i Bjerkreimsvassdraget i Bjerkreim kommune, Rogaland. Vassdraget er verna og eit nasjonalt laksevassdrag.

NVE gjev løyve til to nye kraftverk og to opprustingar av eksisterande kraftverk. Samla vil dette gje ein årleg fornybar produksjon på omlag 3 GWh som svarar til straumbruken til omlag 150 husstandar.

I følgje ei pressemelding frå NVE får Jan Livar Espeland løyve til å byggje Vaule kraftverk, og Malmei Kraft AS får løyve til å byggje Malmei kraftverk.

Det blir samstundes gitt to løyver til opprusting av eksisterande kraftverk: Tengesdal Elverk DA får løyve til opprusting og utviding av Tengesdal kraftverk. Berland Kraft AS får løyve til opprusting og utviding av Fossvatn kraftverk, men avslag på søknaden om løyve til bygging av Mjåvatn kraftverk.

Dei 5 kraftverka blei søkt på omtrent same tid og ligg alle i Bjerkreimsvassdraget. NVE har derfor valt å sjå desse i samanheng.