Løyve til Grunnevatn kraftverk

NVE gjev SFE Produksjon AS løyve til å bygge Grunnevatn kraftverk i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på drygt 3,8 GWh, noko som svarer til straumbruken til rundt 190 husstandar.

SFE Produksjon AS har søkt om løyve til å byggje Grunnevatn kraftverk i Skorvenvassdraget i Askvoll kommune. Kraftverket er planlagt med ei installert effekt på 1,2 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på drygt 3,7 GWh.

Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på 87 meter og endre naturleg vassføring på ei 600 meter lang strekning av Skorvenvassdraget. Vatnet skal førast i nedgravne røyr mellom inntak og kraftstasjon.

Tiltaket ligg i eit område med avgrensa variasjon i naturmiljø og prega av trivielle naturtypar der kulturpåverka skog er dominerande. Det er ikkje venta at tiltaket vil ha negativ effekt på raudlista arter. Det er nokre friluftsinteresser knytt til området. NVE meiner at med tilstrekkeleg minstevassføring heile året, og god planlegging og oppfølging av anlegget i byggetida, vil skadeverknadane for landskap og miljø vere akseptable.

NVE vurderer at fordelane av tiltaket i høve til dei ålmenne og private interessene er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket, og gjev difor løyve til Grunnevatn kraftverk på fastsette vilkår.