Klart for første salve på Ljøen

Tysdag 18. oktober klokka 11.00 går første salve på forlenginga av Streketunnelen. Det markerar starten på hovudentreprisen i andre byggesteget på rassikringa av fv. 60 mellom Røyr og Hellesylt.

Grunneigar Erling Ljøen, som er nær nabo til anleggsarbeida på Ljøen fyrer av første salva, melder vegvesen.no

Streketunnelen skal forlengast 1850 meter frå eksisterande Streketunnel til Ljøen. Steinmassane blir brukt til rasvollar mellom Røyr og Herdalen. I tillegg skal entreprenør Skanska Norge AS bygge ca 500 meter veg på Ljøen og ei 56 meter lang ny bru over Ljøelva.

I tillegg til tunnel, veg og bru blir det også bygt eit nytt utsiktspunkt ved Ljøelva, som skal stå ferdig til sommarferien 2013. Her skal folk kunne nyte utsikta mot Geirangerfjorden og Sunnylvsfjorden.

Kontrakten med Skanska Norge AS er på 162,5 mill. kr. Kostnadsoverslaget på 2. byggesteg er 250 mill. kr. Arbeida skal stå ferdig hausten 2013.

Statens vegvesen rassikrar fv. 60 Røyr-Hellesylt på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Vegstrekninga er svært rasutsett. Kvar vinter sidan opninga i 1962 har vegen vore stengt grunna rasfare og snøras. Prosjektet vil føre til redusert reisetid og ein unngår stengt veg grunna ras og rasfare. Det gir bedra vilkår for reiselivsnæringa, industrien og offentleg transport, grunna sikrare framføringstid.