Uendra røyrleggjarkostnader

Byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg var uendra frå august til september i år.

Frå september i fjor til september i år auka byggjekostnadene med 6,6 prosent. Kostnadene for sanitærinstallasjonar og varmeinstallasjonar steig med høvesvis 7,1 og 6,0 prosent i den same perioden, melder SBB.