Auka innsats for dei som slit på bustadmarknaden

- Regjeringa vil hjelpe dei som har det vanskelegast på bustadmarknaden. I 2012 vidarefører vi bustøtte, startlån og dei andre gode ordningane vi tilbyr gjennom Husbanken. Regjeringa prioriterer den bustadsosiale politikken, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Pengar til betre levekår i Bergen og Trondheim

 - Regjeringa vil vere med og betre miljøet og dei lokale tilhøva i bustadområde som har særlege utfordringar i Bergen og Trondheim. Totalt foreslår regjeringa at dei to byane får 7,5 millionar kroner til områdesatsing i 2012, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I statsbudsjettet for 2012 føreslår regjeringa at områdesatsinga i Bergen får 6 millionar kroner. Det er dobbelt så mykje som i 2011. Trondheim får 1,5 millionar kroner til å starte arbeid i område med dårlege levekår.

I Soria Moria II seier regjeringa at utsette område i Noreg skal følgjast opp. Styrka satsing i Bergen, og ny satsing i Trondheim er ein del av denne oppfølginga.

Tilskotet skal hjelpe til å betre bumiljøet og løyse lokale utfordringar i bustadområde. Det skal mellom anna medverke til trivsel og tryggleik i nærområda og lokalmiljøa.

- Erfaring frå arbeidet med områdeløft i Groruddalen syner at det er viktig med ei heilskapleg og langsiktig innsats, der kommune og stat samarbeider. Dette skapar også eit lokalt engasjement. Eg er særs nøgd med at vi også kommer i gang i Trondheim, seier Navarsete.

I perioden 2007-2010 var områdesatsinga i sin heilskap knytt opp til ei felles statleg-kommunal satsing i Groruddalen. I 2012 blir det føreslått ei løyving på 40 millionar kronar til tiltak i Groruddalen, slik at det gode arbeidet der kan fortsette. Den totale satsinga på områdetiltak blir samla på 47,5 millionar kroner i 2012.

 

Nytt tilskot for bustadetablering i distrikta

- Regjeringa foreslår 20 millionar kronar i 2012 til eit nytt tilskot for å auke bustadtilbodet i kommunar med små og usikre bustadmarknader og/eller mangel på bustader, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ordninga vil omfatte 10-12 kommunar i det distriktspolitiske virkeområdet. Kommunane kan bruke tilskotet til å byggje nye, rehabilitere eller byggje om bustader for utleige i kommunen. Kommunane kan òg gje tilskottet vidare til selskap, stiftelsar og liknande som vil etablere slike utleigebustader. Vidare kan kommunane gje tilskot til privatpersonar som ynskjer å byggje eigen bustad der.

- Ordninga er viktig fordi mange mindre kommunar kan ha arbeidsplassar, men ikkje bustader å tilby for tilflyttarar. Dette prosjektet vil gjere det lettare å rekruttere kompetanse til slike kommunar, seier Navarsete.

Ordninga skal òg gje auka kompetanse i kommunane om korleis dei kan leggje til rette for ei god bustadutvikling. Investering i bustad er ein økonomisk risiko i mange distriktskommunar.

Ordninga administreras av Husbanken. Det vil vere en prosess utover hausten og tidleg i 2012 med å velje ut kommunane som skal delta.

 

Husbanken sitt strategiske arbeid mot kommunar med store bustadsosiale utfordringar skal vidareførast i 2012.

Bustøtta er viktig for å hjelpe dei som har høge buutgifter og låg inntekt med å klare buutgiftene. Bustøtta er målretta og hjelper dei som er mest utsett på bustadmarknaden. I 2012 er det berekna at 128 000 personar vil ta i mot ei bustøtte på om lag 25 000 kroner kvar i løpet av året.

 Startlån er eit godt verkemiddel for å hjelpe unge og vanskelegstilte til å etablere seg i eigen bustad. Etterspørselen etter startlån frå kommunane har vore høgare i åra etter finanskrisa enn tidlegare år. Regjeringa gjer framlegg om ei låneramme i Husbanken på 15 milliardar kronar i 2012. Startlån skal ha høgast prioritet innanfor låneramma. Husbanken gjev også grunnlån til nybygging og utbetring av bustader og lån til barnehagar.

Regjeringa gjer framlegg om å fase ut særfrådraget for store sjukdomsutgifter. Dei frigjorte midlane blir brukte til å styrkje gjeldande ordningar, og tilskot til tilpassing av bustad blir derfor styrkt med 23 millionar kronar i 2012. Det vil gjere det muleg for fleire å bli buande heime i staden for å flytte på institusjon.

Kommunane må ha nok gode utleigebustader for å kunne hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden. Regjeringa gjer framlegg om å auke tilsegnsramma for tilskot til utleigebustader frå 404,6 millionar kroner i 2011 til 430 millionar kronar for 2012. Det gjev rom for om lag 1100 utleigebustader.

For å få gode resultat i det bustadsosiale arbeidet, er det naudsynt med tilstrekkeleg og god kunnskap om utfordringane i kommunane. Det bustadsosiale kompetansetilskotet, som Husbanken forvaltar, er viktig for å stimulere til kompetanseheving og leggje til rette for å finne gode bustadsosiale løysingar. Regjeringa føreslår ei tilsegnsramme på 77 millionar kroner i 2012, ein auke på 7 millionar kroner frå 2011.

Områdesatsing er viktig for å førebyggje opphoping av dårlige levekår og manglande vedlikehald av bustader og uteområde. I perioden 2007-2010 var områdesatsinga i sin heilskap knytt opp til ei felles statleg-kommunal satsing i Groruddalen. I 2011 blei satsinga utvida til å omfatte utsette område i Bergen med ei løyving på 3 millionar kronar. I 2012 blir det føreslått at den områderetta innsatsen i Bergen blir dobla til 6 millionar kronar. I tillegg blir det føreslått å utvide områdesatsinga til å omfatte Trondheim med 1,5 millionar kronar. Det foreslås 40 millionar kronar til tiltak i Groruddalen.