God kriseøving på Hardangerbrua

To ”skadde” mannskap blei senka ned 70 meter frå gangbrua til ein ventande båt på fjorden under kriseøvinga på Hardangerbrua.

Politi frå Odda og Voss, samt brannmannskap og helsepersonell frå kommunane Ullensvang, Eidfjord, Ulvik og Granvin rykte ut då alarmen gjekk kl. 1700 onsdag 21. september.

Hendinga omfatta simulering av tilsaman tre skadde personar midt ute på arbeidsplattformen i fjordspennet over Eidfjorden.

Nedfiring til båt
Entreprenør MTHøjgaard gjennomførte nedfiring av personell i samsvar med bedredskapsplanane og dei evakueringsrutinene som gjeld i slike ulykkestilfelle. Nede på fjorden, kring 70 meter under lågaste punktet på catwalken, låg ein ventande vaktbåt som tok imot dei evakuerte.

Vellukka øving
- Vi er godt nøgde med øvinga, seier HMS-koordinator Inge Haustveit og prosjektleiar Øivind L. Søvik i Statens vegvesen i samband med gjennomgangen av øvinga i ettertid. Denne testen syner kor viktig det er å trena på beredskapen, slik at vi er godt budde dersom ei arbeidsulykke verkeleg skulle skje under bygging av Hardangerbrua, seier dei to frå prosjektleiinga.