Stadig fleire sysselsette

Talet på sysselsette i september har auka med 9 000 frå juni, og ser framleis ut til å vere på veg oppover. Dette syner nye sesongjusterte tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU) til Statistisk sentralbyrå.

Sommaren 2003 byrja talet på sysselsette å auka etter ein lengre periode med nedgang. Fram til september (tremånadersperioden august-oktober) i år har sysselsetjinga stige med i alt 21 000 personar. Samanlikna med juni (mai-juli) i år var auken på 9 000, noko som er innanfor feilmarginen til endringstala i AKU. Sysselsetjinga ser framleis ut til å vere inne i ein aukande trend, og byrjar å nærme seg rekordnivået frå våren 2002. Talet på arbeidslause i september minka med 2 000 frå juni, noko som likevel er innanfor feilmarginen i AKU. Arbeidsløysa har ikkje minka særleg samanlikna med september i fjor, og ser framleis ut til å halde seg på eit stabilt nivå. Sesongjusterte tal for registrerte arbeidslause ved arbeidskontora pluss ordinære tiltaksdeltakarar har òg vore meir eller mindre uendra siste året. Arbeidsløysa opp i Sverige Den sesongjusterte arbeidsløysa i Noreg var 4,4 prosent i september 2004, mot 4,5 prosent i juni. I same tidsrom var arbeidsløysa i EU- og OECD-landa om lag uendra på respektive 8,0 og 6,8 prosent. I USA var arbeidsløysa 5,4 prosent i september, mot 5,6 prosent i juni. Arbeidsløysa i Sverige auka frå 6,5 til 6,8 prosent, medan ho gjekk ned frå 8,9 til 8,4 prosent i Finland. I Danmark låg talet på 5,3 prosent, om lag det same som i juni. I same periode var tala for Frankrike og Tyskland om lag uendra på respektive 9,6 og 9,9 prosent. Dette syner tal frå OECD og Eurostat. Uendra vekeverkstal Utførde vekeverk (à 37,5 timer) har vist ein minkande tendens i perioden mellom juni 1998 og mai 2003. Sidan har me sett teikn til ein aukande trend for desse tala. Frå juni til september i år minka talet på utførde vekeverk med 12 000, noko som likevel er innanfor feilmarginen for endringstala i AKU. Uvisse ved dei sesongjusterte tala Føremålet med å justere for sesongvariasjon, er å beskrive utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadersperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. Kvalitetstestar syner at dei sesongjusterte tala for AKU-arbeidsløysa er usikre. Sesongjusteringsmetoden har vanskar med å identifisere eit stabilt sesongmønster i denne talserien. Dei tilfeldige utslaga er relativt store i forhold til sesongkomponenten. I tillegg er det relativt få arbeidslause i utvalet, slik at uvissa blir stor. Dette gjer at tala må tolkast med varsemd. For å redusere utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for september gjennomsnittet av overslaga for august, september og oktober.