Din rett til å køyre lett lastebil kan gå ut i år

I 2001 fekk kring 140 000 nordmenn på Vestlandet nytt førarkort med klassane C1 og C1E (lett lastebil og lett lastebil med tilhengar) ved å leggje fram ein legeattest. Desse går ut i 2011.

Dei som enno treng denne føreretten må møte opp på ein av Statens vegvesen sine trafikkstasjonar med ny legeattest, skriver Statens vegvesen i en pressemelding.

Berre “kjekt å ha?”

Det er mange som ikkje har køyrt lett lastebil dei siste 10 åra. Helsevesenet og Statens vegvesen brukar mykje tid på fornying av førarkort og oppmodar alle til å tenkje gjennom om dei treng å kunne køyre lett lastebil, eller om det berre er ”kjekt å ha?”

Det nye førarkortet varar ikkje lenger enn fem år framover.

Slik fornyar du

Om du likevel vil fornye klasse C1 eller C1E, kan du gjere dette innan eitt år etter siste bruksdato for gjeldande førarkortklasse. Du treng heller ikkje å ta ein praktisk førarprøve. Siste bruksdato står på baksida av førarkortet. Du må ta med deg helseattest som ikkje er eldre enn seks månader. På Statens vegvesen sine trafikkstasjonar får du den hjelpa du treng vidare.

Statens vegvesen rår folk som vil fornye om å ta turen til trafikkstasjonen så snart som mogleg. No vil du få rask og effektiv ekspedering.

Fakta

Den nye føreretten gjeld frå utskrivingsdato og blir gyldig i fem år

Brukstida kan og bli kortare enn fem år på grunn av svekka helse

Har du fylt 66 år, gjeld klassen til fylte 71 år

Har du fylt 70 år, blir brukstida berre eitt år om gongen.

Har det gått meir enn eitt år frå siste bruksdato når du søkjer om fornying, må du ta praktisk førarprøve i klassane C1 eller C1E før nytt førarkort kan skrivast ut.

Dersom du ikkje ønskjer å fornye førarkortet, har du likevel førerett for personbil og andre lette førarkortklassar utan å bytte førarkort.