Støypearbeidet på Dalsfjordsambandet er i gang

Bilfinger Berger (BB) har no etablert seg med kontor i Dale, og dei har så vidt starta støypearbeid på Nishammer.

Bilfinger Berger starta arbeidet i byrjinga av juni. Det tyske selskapet har ansvar for alt betongarbeid mellom portalane på Otterstein og Nishammer.

Lokal betong
- Første støp er ei betongsåle under tårnfundamenta. Dette er ein liten støp på berre berre 2x70 kubikkmeter, og Vegvesenet og BB ser på dette som en testperiode for kontroll av kapasitet og kvalitet, seier byggeleiar Jørgen Wik.

All betong blir produsert hjå Mathias Øen i Dale, melder vegvesen.no.

I veke 36 kjem ein båt frå Tyskland med 45 bustadbrakker som arbeidarane skal ha. Alle arbeidarane får kvar sitt bad og kjøkken. Det kjem ny båt i veke 37 med produksjonsutstyret, tårnkraner, forskalingssystem og liknande.

På Otterstein er det ikkje vegsamband. BB skal derfor ha ei eiga ferje som skal frakte materiell og utstyr over ifrå Dale. Ferja som er her i dag tilhøyrer NCC og blir brukt til veg- og tunnelarbeidet.

Brufundament
Arbeidet med å støype brufundamenta tek til i løpet av oktober.

- Kvart tårnbein skal ha eit fundament på 8x12x5 m. Dette er ein støp som stiller store krav til logistikk. Stopp i støpeprosessen er svært ugunstig med tanke på kvaliteten. Entreprenør pliktar difor å ha betongbiler og reserveblandar i beredskap, fortel Wik.

Ein så stor støp genererer også veldig mykje varme. Det skal difor installerast fleire hundre meter med kjølerør inne i fundamenta for å halde temperaturen nede. Fundamenta blir synlege på Nishammer, men på Otterstein går arbeidet føre seg nede i utsprengte groper.

I løpet av hausten startar også arbeid med viadukt, ei betongbru ifrå land ut til tårnbeina. På Otterstein er viadukten ca 72 meter, på Nishammer er den 24 meter.