Skanska fekk hovudkontrakten på fv. 60

5. september skreiv Statens vegvesen og Skanska Norge AS hovudkontrakten i andre byggesteg på rassikringa av fv. 60 Røyr-Hellesylt.

Kontrakten er på om lag 162,5 millionar kroner og inneheld:

•1870 meter ny Streketunnel frå Ljøen og ned i eksisterande ferdig rehabilitert Streketunnel.

•Ny Ljøbru

• Nytt utsiktspunkt på Ljøen/Beithoggane, sør for elva

•Komplettering av vegar i dagen på Ljøen

•Nytting av overskotsmassar til div nye rasvollar frå Røyr til Herdal og div lager/depot.

Arbeida startar i løpet av oktober i år. Andre byggesteg skal stå ferdig i oktober 2013, melder vegvesen.no.

Statens vegvesen rassikrar fv. 60 Røyr-Hellesylt på vegner av Møre og Romsdal fylkeskommune. Vegstrekninga er svært rasutsett. Kvar vinter sidan opninga i 1962 har vegen vore stengt grunna rasfare og snøras. Prosjektet vil føre til redusert reisetid og ein unngår stengt veg grunna ras og rasfare. Det gir bedra vilkår for reiselivsnæringa, industrien og offentleg transport, grunna sikker framføringstid.