Ulykkespunkt i Bergen sikres

Eit trafikkfarleg punkt på E39 ved Sandviken bomstasjon i Bergen skal bli sikrare.

Arbeidet inneber omlegging av trafikken. I tillegg kan E39 bli heilt stengd i periodar på 15 minutt på dagtid i ein månad på grunn av sprengingsarbeid. Bilistane må rekne med at arbeidet fører til kø.

Frå Gamle Bergen går det ein veg opp for å kome seg inn på E39 i sørgåande retning, altså inn mot sentrum. Bilistane som kjem frå Gamle Bergen har vikeplikt for dei som kjem frå nord på E39. Og når bilistane frå Gamle Bergen har kome seg inn på E39, må dei kome seg opp i fart i same køyrefelt som dei som kjem frå nord.

Sju ulukker på åtte år

Dei som kjem frå nord på E39 har gjerne ein fart på 60 km/t. Det har gjort dette punktet svært utsett for ulukker. Til saman har ein registrert sju ulukker på åtte år. No skal vegen bli sikrare.

- Vi skal utvide vegen for å gjere plass til eit nytt påkøyringsfelt. I dette feltet kan bilisten akselerere opp i fart før han kjem inn på E39. Det reduserer risikoen for ulukker, seier sjefingeniør Jan Olav Skogland i Statens vegvesen.

Skal sprenge vekk delar av fjellskjering

Ein skal sprenge vekk delar av ei fjellskjering på venstre side av vegen for å utvide den. Rundt midten av desember i år er det nye feltet ferdig. Fram til den tid vil arbeidet få følgjer for trafikkavviklinga.

- Vi startar med å leggje om trafikken i sørgåande retning 6. september. Då blir vegbana flytta mot høgre, seier Skogland.

Fare for kø

Rundt midten av september set ein i gang med sprengingsarbeidet. Eit arbeid som kjem til å ta rundt éin månad og skje kvardagar i tidsrommet klokka 10 til 14.

I dette tidsrommet i denne perioden kan E39 bli heilt stengd i inntil 15 minutt.

- Nøyaktig kva dag vi byrjar dette arbeidet kjem vi tilbake til, seier Skogland.

- Dette vil føre til kø og venting. Vi skjønar at det kan skape frustrasjon hos dei som brukar vegen. Samtidig må vi berre be om deira forståing for at vi må ta alle forholdsreglar når det gjeld sprengingsarbeid, seier Skogland.

Ifølgje Jan Olav Skogland er det vanskeleg å seie nøyaktig kor lang ventetida kan bli på det lengste for dei som må stå i kø.

- Vi skal jobbe for at den blir kortast muleg, men bilistane må nok uansett bu seg på å vente i kø akkurat når vi gjer sprengingane.

SMS-teneste for sprengingstidspunkt

Sprengingsarbeidet kjem altså til å føregå mellom klokka 10 og 14 kvardagar. Innanfor dette tidsrommet kan sprengingstidspunkta variere.

Det er ein av grunnane til at det er muleg å melde seg på ei gratis SMS-teneste med informasjon om sprenging og vegstenging.

Du kan få denne SMS-varslinga ved å sende kodeord Sandviken til nummer 1963. Ein betalar berre for den SMS-en som ein sender for å melde seg på og seinare eventuelt av tenesta (med kodeord Sandviken stopp).

Anleggsarbeidet blir også varsla ved skilting og elektroniske tavler.