Folkefest då fylkesveg 724 vart opna i Olden

Fylkesordførar Nils R. Sandal opna fylkesveg 724 Olden sentrum måndag 29. august, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune på sine heimesider.

Mange var møtte opp for å få med seg opninga av veganlegget som har kosta 8,5 millionar kroner. Veganlegget er det tredje i ei opprusting av den gamle og nedslitne vegen opp gjennom Oldedalen, og fylkesordføraren trekte fram eigne erfaringar frå tida som bussjåfør i talen sin.

Gangvegar gjer sentrum tryggare

– Fylkesveg 724 gjennom Olden sentrum har i lang tid vore ein flaskehals. Det hugsar eg frå mi tid som sjåfør for turistbussane som skulle til Briksdalsbreen, der ein med fullasta bussar skulle tråkle seg gjennom eit smalt kryss. No har de har fått eit tenleg og funksjonelt veganlegg, som også er estetisk fint og står godt til den vakre naturen. Prosjektet er utforma på ein god måte, som ikkje minst gjer det tryggare med gode gangvegar, sa Sandal.

Elevane ved Olden skule hadde fått fri til å delta i opninga som gjekk føre seg på den nye parkeringsplassen ved sida av skulen. Olden Hornmusikk slo an tonen frå starten og så kom kulturkreftene på rekke og rad; Olden Singers, Soul Children, barnehageborna og 1.–4. klasse ved Olden skule før Olden Ungdomslag serverte kaffi, saft og kaker i solskinet på skuleplassen.

Opnar for vidareutvikling av området ved skulen

Ordførar i Stryn Nils P. Støyva, fortalde om ein lang kamp for å få Olden sentrum inn på prioriteringslistene. Krysset i sentrum har vore dårleg, spesielt med omsyn til born og mjuke trafikantar. Støyva nytta høvet til å rose næringslivet i Nordfjord-bygda.

– Det som i si tid var tunga på vektskåla, og gjorde at samferdsleutvalet løyvde pengar til prosjekta i Olden, var den breie næringsutviklinga som skjer oppover dalen, sa Støyva.

Den nye vegen i sentrum opnar også for at kommunen kan vidareutvikle eit område ved sidan av skulen som til no har stått ubrukt.

– Her kan kommunen på sikt utvikle ein friidrettspark eller eit liknande anlegg, sa Støyva.

Takka fylkesordføraren for godt samarbeid

Både ordførar Støyva og leiar Rune Myklebust i vegnemnda for Oldedalen streka under at dei såg på dei 30 millionar kronene som er brukte til no på å ruste opp vegen opp over Oldedalen, som eit signal om at heile vegen snart må få ei skikkeleg ansiktsløfting.

Fylkesordførar Nils R. Sandal hadde si siste offisielle opningsoppgåve og fekk blomster av seksjonsleiar Margot Aase Åsebø i Statens vegvesen. Ho takka for godt samarbeid i alle dei tolv åra Sandal har vore fylkesordførar.

For Åsebø i Statens vegvesen hadde denne opninga ei særskilt tyding, då veganlegget går over garden der bestemor hennar vaks opp. Åsebø har også hatt eit overordna ansvar for dei to andre opprustingane som har vore på fylkesvegen opp gjennom Oldedalen, og sende ei spesiell helsing til borna og ungdomane ved Olden skule.

– Gratulerer med ny veg! Bruk dei fortau og fotgjengarfelt som er bygde, så vert skulevegen både tryggare og enklare, oppmoda ho.

 

Til slutt vart den lokale entreprenøren Lars Kveen AS takka for velgjort arbeid.