Lanserer Statens pris for attraktiv stad

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete ber om framlegg til kandidatar til Statens pris for attraktiv stad 2012.

Den nye, årlege kåringa skal framheve og heidre kommunar og andre som har vist vilje og evne til å skape ein levande og attraktiv stad for å bu, arbeide, drive næring og besøke. Kåringa skal bidra til å løfte fram forbilde, som kan inspirere andre til innsats. Prisen er ei pengegåve på 250.000 kroner, som skal gå til vidare opprusting av den aktuelle staden.

Kommunar og andre, som har involvert offentlege, private og frivillige krefter kan få prisen. Føresetnaden er at dei har gjennomført tiltak, som har ført til kvalitetsmessig og estetisk opprustning av ein stad. Opprustinga skal ha teke vare på og vidareutvikla eigenarten til staden på ein nyskapande og berekraftig måte. God utforming av dei fysiske omgjevnadene er ein føresetnad.

-Tiltaka skal vere med og auke attraktiviteten til staden og opplevinga folk har av trivsel, tilhøyrsle og stoltheit for staden, fortel Liv Signe Navarsete.

Dei som har forslag til prismottakarar må lese statuttane som kjem på Distriktssenteret sine heimesider godt. Framlegg til kandidatar skal sendast til Distriktssenteret, som blir sekretariat for prisen i samarbeid med Husbanken, bruk e-postadressa post@kdu.no.

Førsteamanuensis Erling Dokk Holm blir leiar for juryen på tre medlemmer og to varamedlemmer. Landskapsarkitekt og sjølvstendig næringsdrivande i Årdal i Sogn, Siri Benjaminsen, og leiar for Noregs Bygdeungdomslag, Inger Johanne Sveen, er dei to andre jurymedlemene. Byplanleggar i Arendal kommune, Michael Fuller Gee, og rådgjevar for stadutvikling i Nordland fylkeskommune, Heidi Ramsvik, er varamedlemer.

Vinnaren for neste års konkurranse skal etter planen offentleggjerast i mai 2012.