Rundkøyring i Vallaviktunnelen

Statens vegvesen vil no gjera klar rundkøyringa i Vallaviktunnelen for trafikk. Det blir to veker med kolonnekøyring gjennom tunnelen når anleggsarbeidet pågår, skriv vegvesen.no.

Trafikantane gjennom rv. 13 Vallaviktunnelen har observert at det er sprengt ut eit stort fjellrom med ein attståande fjellstabbe i midten kring 500 meter frå tunnelmunninga i Vallavik. Dette er rundkøyringa som skal fordela trafikken mellom Ulvik, Granvin og Hardangerbrua i 2013.

Anleggstrafikk

No vil Statens vegvesen gjera ferdig trafikkarealet kring rundkøyringa her, slik at trafikken vil passere gjennom rundkøyringa. Det betyr at trafikk frå Granvin mot Vallavik vil passera på motsett side av fjellstabben i høve til tidlegare køyremønster. Det blir ein ekstra sving for trafikken i denne retninga. Fartsgrensa blir 60 km/t, slik det har vore ein stund under anleggsperioden i Vallavik-delen av tunnelen.

Grunngjevinga for å gjera ferdig rundkøyringa no er meir effektiv avvikling av anleggstransport til bruarbeidet. Trafikantane vil såleis merka at noko anleggstrafikk køyrer til og frå den nye tunnelarmen til Hardangerbrua. Men denne vegen er sjølvsagt stengt for alminneleg trafikk, med fysisk bom. Ingen skal såleis risikera å køyra feil her.

Kolonnetider

Sluttarbeidet med rundkøyringa i Vallaviktunnelen vil pågå i to veker, frå mandag 22. august kl. 08.00 til mandag 5. september kl. 06.00.

•På dagtid mellom 06.00 og 22.15 blir det kontinuerleg kolonnekøyring. Men trafikkantane må pårekna venting på ledebil og kolonne i inntil 20 minutt, både i Vallavik og i Granvin.

•Om natta blir det arbeid i tunnelen, og kolonne tilpassa ferjeruta mellom Bruravik og Brimnes. Det betyr kolonne frå Granvin kl. 23.20, 01.00, 02.10 og 04.40. Kolonne frå Vallavik går kl. 23.45, 01.25 og 04.55.

Alternativet til å vente på kolonne er å ta fv. 572 om Ulvik og Espelandsdalen.

Har ein spørsmål om trafikkavviklinga desse to vekene kan ein kontakte Statens vegvesen på tlf. 175.