Stadig færre til skifteretten

I 2. kvartal i år vart det opna 1 158 konkursar. Dette er ein nedgang på 7 prosent samanlikna med den same perioden i fjor.

Den største prosentvise nedgangen finn vi i Troms, Møre og Romsdal og Oslo, som hadde ein reduksjon på høvesvis 50, 33 og 28 prosent. Oslo, med 74 færre konkursar, er det fylket som hadde den største nedgangen i absolutte tal.

I Hedmark auka talet på konkursar mest, med 79 prosent. Oppgangen i absolutte tal var størst i Rogaland, med 37 fleire konkursar.

Hittil i år har det blitt opna 2 337 konkursar. Dette er 5 prosent færre enn i den same perioden i fjor.

Flest konkursar innanfor varehandel, bygg og anlegg
Sju av ti konkursar – i alt 800 – var føretakskonkursar som ikkje omfattar einskildpersonføretak. Ein tredjedel av dei var innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner. Dette er 5 prosent fleire enn i 2. kvartal i fjor.

Dei andre 358 konkursane gjaldt einskildpersonføretak og personlege konkursar. Ein tredjedel av desse dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd. I denne næringa gjekk talet på konkursar ned med 22 prosent.

Få konkurser involverer kvinner samanlikna med menn
9 prosent av innehavarane i einskildpersonføretaka som gjekk konkurs i 2010, var kvinner. Dette til tross for at 27 prosent av alle einskildpersonføretaka er drivne av kvinner. Tal over eigarar i personleg eigde føretak finnast i Statistikkbanken knytta til statistikk for eierskap og roller i næringslivet.