Vegane i Hardanger skal bli tryggare

I slutten av august startar Statens vegvesen arbeidet med å sikre fjellskjeringane langs ni riks- og fylkesvegstrekningar i Voss og Hardanger, skriv vegvesen.no. 

Tiltaka på alle strekningane er samla i ei kontrakt, til ein verdi av 9 millionar kroner. Arbeidet skal starte i slutten av august, og skal vere ferdig 1.juni 2012.

- Bakgrunnen for at desse strekningane skal utbetrast er meldingar og registreringar av nedfall av stein i vegbana, seier Magnar Røthe i Statens vegvesen, og trekk fram fv.40 mellom Matre og Åkra og E134 Seljestad-Njøsendal blant dei mest utsette områda.

På desse strekningane har det vore mange steinsprang.

- Vi har ved nokre høve vore nøydde til å stenge vegar i området på grunn av nedfall. Med desse tiltaka blir vegane tryggare, seier Røthe.

Utbetringane går ut på å reinske og bolte fjellskjeringar, det vil seie fjellsider som går rett ned i vegkanten. Nokre stader kan det også vere aktuelt å setje opp rasnett. Firmaet DS Entreprenør AS skal utføre arbeidet.

Strekningane som skal utbetrast:

Fv.40 Matre- Åkra

E134 Seljestad- Jøsendal

Fv.100 Skare

Fv.551 Løfallstrand- Sundal

Fv.550 Fossåna

Fv.103 Eidfjord

E16 Fossmark- Geitle

Fv.313 Fadnesberget

Fv.07 Tokagjelet, g/s- veg