Løyve til Nyvikelva kraftverk

NVE gjev NTE Energi AS løyve til å bygge Nyvikelva kraftverk i Røyrvik kommune i Nord-Trøndelag. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 4,6 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 230 husstandar.

Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på 83 meter i Nyvikelva og naturleg vassføring vil endrast på ei om lag 1440 meter lang elvestrekning. Vatnet skal førast i nedgravne røyr mellom inntak og kraftstasjon.

Utbygginga vil ikkje gje vesentlege negative verknader for natur- og landskapsverdiar. NVE meinar at med tilstrekkeleg minstevassføring heile året, og god planlegging og oppfølging av anlegget i byggetida, vil skadeverknadene for landskap og miljø vere akseptable.

NVE vurderar at fordelane av tiltaket i høve til dei ålmenne interessene er større enn skadane og ulempene, og gjev difor løyve til Nyvikelva kraftverk.