Kontraktsignering på E16 Borlaug-Smedalsosen

Bygginga av ny E16 mellom Borlaug-Smedalsosen startar til hausten. Tysdag 5.juli signerte Mesta Entreprenør AS kontrakt med Statens vegvesen.

Kontrakten har ein verdi på ca 413 mill. kroner.

- Det blir eit spanande prosjekt, som høver godt i vår portefølje, seier administrerande direktør Eivind Opedal i Mesta Entreprenør AS.

Entreprenørfirmaet har også hatt kontrakten på bygginga av nye Honung bru og forskjeringane til Borlaugstunnelen. Dette er også ein del av prosjektet E16 Borlaug-Smedalsosen, men var skilt ut som ei eiga entreprise, melder vegvesen.no.

Byggestart i september
Entreprenøren tek sikte på å starte opp arbeidet i september. Prosjektet inneheld bygging av ca. 7 kilometer veg i dagen og vel 4 kilometer med tunnel. Det omfattar også sidevegar, gang/sykkelveg og to bruer.

Utfordring
E16 mellom Smedalsosen og Borlaug skal etter planen stå ferdig sommaren 2014.

- Den største utfordringa vil vere vinterproblematikken. Vegen ligg opp mot 900 meter over havet, og vinteren er lang på fjellet, seier prosjektleiar i Mesta, Sigurd Storøy.