Vannkraftutbygging i Skien

NVE gjev Løvenskiold-Fossum Kraft AS løyve til å bygge Åmot kraftverk i Skien kommune i Telemark. Samstundes innstiller NVE på at Løvenskiold-Fossum Kraft AS får løyve til å bygge Fjellet kraftverk, Godal minikraftverk og Bestul pumpestasjon i Skien kommune.

Løyve til Stordalselva kraftverk

NVE gjev Rødøy-Lurøy Kraftverk AS løyve til bygging av Stordalselva kraftverk i Lurøy kommune i Nordland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 5 GWh, noko som svarar til straumbruken til 250 husstandar.

Kraftverket er planlagt med installert effekt på 1,45 MW. Utbygginga vil nytte eit fall i Stordalselva på 362 meter, Ei elvestrekning på om lag 1,5 km får redusert vassføring. Vatnet skal førast i nedgrave røyr frå inntaket til kraftstasjonen. Det vert behov for å byggje ein omlag 70-80 meter lang adkomstveg til kraftstasjonen og ein omlag 1,6 km lang veg frå kraftstasjonen til inntaket.

Utbygginga vil gje nokre negative verknader for landskapsoppfatninga i Stordalen, og etter NVE sitt syn er det særskilt adkomstvegen som bidreg til dette. NVE har satt vilkår om at vegen skal nedgraderast slik at den berre kan nyttast av terrengkjøretøy etter utbygginga. Området har også eit skrint lausmasselag, så det vert behov for å sprengje ein del i fjell for å få fram røyrgate nedover Stordalen. NVE har ikkje tillete inngrep i den øvre delen av Stordalen, då legging av røyr og inngrepa totalt sett ville vært særleg store her. Vidare har NVE satt vilkår om at det skal sleppast vatn lik den alminnelege lågvassføringa heile året, dette av omsyn til vassdragstilknytta artar, både i og langs elva.

I sum vurderar NVE at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjer difor løyve til bygging av Stordalselva kraftverk på fastsette vilkår.

Meir om løyve til Stordalselva kraftverk på

www.nve.no/konsesjonsnyheter

 

 

Løyve til Nyvikelva kraftverk

NVE gjev NTE Energi AS løyve til å bygge Nyvikelva kraftverk i Røyrvik kommune i Nord-Trøndelag. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 4,6 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 230 husstandar.

Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på 83 meter i Nyvikelva og naturleg vassføring vil endrast på ei om lag 1440 meter lang elvestrekning. Vatnet skal førast i nedgravne røyr mellom inntak og kraftstasjon.

Utbygginga vil ikkje gje vesentlege negative verknader for natur- og landskapsverdiar. NVE meinar at med tilstrekkeleg minstevassføring heile året, og god planlegging og oppfølging av anlegget i byggetida, vil skadeverknadene for landskap og miljø vere akseptable.

NVE vurderar at fordelane av tiltaket i høve til dei ålmenne interessene er større enn skadane og ulempene, og gjev difor løyve til Nyvikelva kraftverk.

 

Samla årleg produksjon blir på rundt 22 GWh, noko som svarer til straumbruken til 1100 husstandar.

Løvenskiold-Fossum Kraft AS har søkt om løyve til å byggje Åmot, Godal og Fjellet kraftverk, Bestul pumpestasjon, oppdemming av Sommarsetermyr og Besstultjønn, og overføring av desse saman med dei eksisterande reguleringsmagasina Eiangen, Grantjønn, Albogatjønn og Åslivatn til Økteren. Kraftverka er planlagt med ei samla installert effekt på 8,4 MW og Bestul pumpestasjon med ei installert pumpeeffekt på 0,8 MW. Med dei fastsette og foreslåtte vilkåra vil samla utbygging gje ein årleg produksjon på rundt 22 GWh. Utbygginga vil endre naturleg vassføring på ei 1700 meter lang strekning av Håkastulelva, og vil endre den regulerte vassføringa i Åslivasselva, Besstulelva, Storelva og Økterelva. Vatnet skal førast dels i mikrotunell og dels i nedgravne røyr mellom inntak og kraftstasjon og pumpestasjon og utløp.

NVE meiner at med tilstrekkeleg minstevassføring heile året, og god planlegging og oppfølging av anlegget i byggetida, vil skadeverknadane for landskap og miljø vere akseptable. NVE vurderer at fordelane av tiltaka i høve til dei ålmenne og private interessene er større enn skadane og ulempene. NVE gjev difor løyve til bygging av Åmot kraftverk på fastsette vilkår. NVE har også sendt innstilling til OED med forslag om at det givast løyve til bygging av Godal og Fjellet kraftverk, Bestul pumpestasjon, oppdemming av Sommarsetermyr og Bestultjønn og overføring av vatn frå Eiangen, Grantjønn, Sommarsetermyr, Albogatjønn, Åslivatn og Besstultjønn til Økteren.